Mennesket lever ikke av brød alene...
Mannen bak Bakeriet i Lom er ingen kven som helst i norsk kokkesamanheng. Morten Schakenda har ei lang og spennande karriere bak seg som kokk både i innland og utland. Han har kokka på restaurantar med både ei og to Michelin-stjerner. Han har vore steward på M/S Jan Mayen. Han har promotert norsk fisk og sjømat i utlandet i over ti år. Han har vore med og vunne tre VM-bronser på det norske kokke-landslaget. Han har leda Gastronomisk Institutt i mange år. Han har bidrege i ei rekke kokebøker saman med andre norske stjerne-kokkar.
Så ville han bli bakar. Morten fann vegen til Norges største bakeri-suksess Åpent Bakeri i Oslo og fekk gå i bakar-lære der.
Om sommaren er livet hektisk i Lom. Vi bakar nærast døgnet rundt. Brødkøen strekkjer seg ofte til ut på garden. Kafeen inne har glas frå vegg til vegg og frå golv til tak - med utsikt rett ut i Prestfossen. I uteserveringa høyrer du den jamne duren frå Prestfossen medan du et og drikk.
Og vi sel ikkje berre brød. Kaker, pizza, gode smørbrød, enkle rettar, drikke til og sjølvsagt - skikkeleg god kaffe av dei fleste slag.
Men hugs: mennesket lever ikke av brød alene...
Å besøke oss og å smake våre brød og bakervarer skal gje livet litt ekstra innhald. Ei lita glede i kvardagen.
Etter to og eit halvt år på Åpent Bakeri tok han og familien avgjerda om å flytte til Lom og bygge nytt bakeri ved Prestfossen på Fossbergom, som sentrum i bygda heiter. Lom er ein turistmagnet om sommaren, om vinteren er det roleg og kaldt her.
Bakaromnane er vedfyrte. Brøda er alltid ferske. Baka etter gode gamle tradisjonar. Enkle og gode råvarer. Gjerne lokalt produsert mjøl.
Brøda og bakverka våre er laga for at dei skal bli hugsa. Du skal minnast den gongen du besøkte oss på Bakeriet i Lom - med glede. Vi har ikkje tru på kunstige tilsetjingar og lettvinte løysingar. God tid og gode råvarer - det er det som gjev gode brød.
Når du kjem heim med brøda frå Bakeriet i Lom skal du hugse at dei er ferskvare og at dei alltid vil vere best same dag som du kjøpte dei hjå oss. Legg du brøda i plastpose blir den gode sprø skorpa fort mjuk og øydelagt. For å oppbevare brøda eit par dagar kan du gjerne la dei ligge i papirposen, pakke dei inn i eit linhåndkle eller legge dei rett i brødboksen. Brøda bør oppbevarast i vanleg romtemperatur, og dei kan gjerne frysast.





